Skolehagekurs på Tingvoll Økopark, - Nyheter - Norsøk

Skolehagekurs på Tingvoll Økopark,

Til alle skular og barnehagar i Møre og Romsdal:

Kurshaldarane Anniken Fure Stensrud og Kirsty McKinnon i Stjernehagen på Tingvoll gard. (Foto: Vegard Botterli)
Kurshaldarane Anniken Fure Stensrud og Kirsty McKinnon i Stjernehagen på Tingvoll gard. (Foto: Vegard Botterli)

Velkommen til kurs i etablering og vedlikehald av økologisk skolehage.


Målgruppe: Lærarar og barnehagetilsette i Møre og Romsdal

Stad: Tingvoll gard

Dato og tidspunkt:
Kurset går over to dagar:
- 23.mai: kl. 0900-1600
- 24.mai: kl. 0900-1400

Pris: Gratis

Påmeldingsfrist: 10.mai

PÅMELDING: MELD DEG PÅ HER!

Om kurset

Kurset vert arrangert av Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), med støtte fra Fylkeskommunen Møre og Romsdal og i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kurset finn stad på Tingvoll gard som har ein godt etablert kjøkkenhage og flotte kurslokaler.
Sjølve kurset er gratis, og du kan velge sjølv om du vil ha medbrakt lunsj, eller betale for lunsj i Tingvoll Økopark. Dette gjer du i påmeldingslinken.

Ved påmelding kjem det opp nokre spørsmål som må svarast på for at arrangøren skal kunne tilpasse innhaldet til behov og forventningar.

Har du fleire spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar: Anniken Fure Stensrud